Hjem Selskapskontroll 2017 Eigarskapskontroll – Bø kommune: Styre – samansetjing, val og evaluering

Eigarskapskontroll – Bø kommune: Styre – samansetjing, val og evaluering

Eigarskapkontrollen er bestilt av kontrollutvalet i Bø kommune i sak 18/16 og 24/16. Bakgrunn for bestillinga er plan for selskapskontroll 2016-2019, vedtatt av kommunestyret i sak 40/16.

Problemstilling

I kva grad er kommunen sine føringar formidla og gjennomført når det gjeld val av styremedlemmer, styresamansetjing, kompetanse og styreevaluering?

Kontrollutvalet har også bedt om at vi undersøker kvifor føresetnadane til kommunestyret i sak 088/12 – IRMAT A/S – Søknad om å endre plassering av ein gjenvinningsstasjon for innbyggarane i Bø ikkje er blitt følgd opp. Dette er omtala i kapittel 5 i rapporten.

Konklusjon

Kommunen sine føringar for eigarskap er i stor grad i samsvar med tilrådingar frå KS, og vi har inntrykk av at selskapa er kjende med kommunen si eigarskapsmelding.

Det ser ut til at styra i stor grad har slik kompetanse som generelt er vurdert som sentral og relevant for styrearbeid. Men føringane i eigarskapsmeldinga om val av styremedlemmer m.m. er gjennomført berre til ei viss grad. I rapporten har vi peika på nokre forbetringspunkt i eigarskapsutøvinga. Vi nemner nokre av dei her:

  • Valkomiteane leverer ikkje innstillingar som er i samsvar med føresetnadene i eigarskapsmeldinga og det er stor grad av attval, utan dokumenterte vurderingar.
  • Kommunen har ikkje gjort tiltak for å sikre at innkallingar til generalforsamling kjem med god nok frist til å sikre politisk handsaming.
  • Kommunen har ikkje sikra reell politisk handsaming av saker om styreval.
  • Eit fåtal av selskapa har gjennomført styreevaluering og utarbeidd styreinstruks.
  • Kommunen har ikkje nådd målsetjinga om lik kjønnsrepresentasjon.
  • Kommunen har ikkje gjort tiltak for å sikre numerisk vara i selskapa.
  • I nokre av selskapa er ikkje styret i samsvar med lov eller vedtekter.
  • I nokre av selskapa er det ikkje samsvar mellom dokumentert/faktisk valprosess og vedtekter/eigarskapsmelding.
  • Nokre av selskapa har ikkje oppdatert informasjonen om styresamansetjinga i offentlege register.

Tilrådingar

Med utgangspunkt i det vi har sett i eigarskapkontrollen har vi gitt tilrådingar til kommunen.

Du kan lese rapporten her: Rapport 421006 – Eigarskapskontroll – Styre – val, evaluering og samansetjing