Forvaltningsrevisjonen er bestilt av kontrollutvalet i Vinje kommune i møte 1. mars 2017 (sak 3/17).
Vi har undersøkt følgjande:
Er berekninga av sjølvkost for vatn og avløp i 2016 i samsvar med reglar og retningsliner?
Vi har funne at berekning av sjølvkost for vatn og avløp i hovudsak er i samsvar med reglar og retningsliner.
Etter vår vurdering bør kommunen med jamne mellomrom vurdere og dokumentert kva som ligg til grunn for fordelinga av dei direkte kostnadene i sjølvkostkalkylane. Kommunen si berekning av dei indirekte kostnadene er ikkje i tråd med retningslinene.
Er avsetningar til og bruk av vass- og avløpsfond i samsvar med regelverket?
Kommunen sett av overskott på sjølvkostrekneskapen i samsvar med regelverket.
Framstillinga av framtidig bruk av fond, som ligg ved Vinje kommune sin årsrekneskap for 2016, gir etter vår vurdering ikkje eit klårt bilete av korleis kommunen planlegg å avvikle fonda innan fem år etter at dei er oppstått.
Er kommunens si gjeldande forskrift om vass- og avløpsgebyr og gebyrsatsane i samsvar med regelverket?
Etter vår vurdering er kommunen si forskrift om vass- og avløpsgebyr og gebyrsatsane i samsvar med regelverket.
Tilrådingar
Vi tilrår at kommunen:
- jamleg dokumenterer fordelinga av direkte kostnader i sjølvkostkalkylane på høvesvis vatn og avløp,
- bereknar dei indirekte kostnadene i sjølvkostkalkyla i tråd med det rettleiaren primært rår til,
- framstiller framtidig bruk av fondsavsetningar på ein klårare måte i årsrekneskapen.
Rapporten blir handsama av kontrollutvalet i Vije 13. september 2017. Du kan lese rapporten her:
TKR-rapport 734 018 – Sjølvkost vatn og avløp – Vinje kommune