Hjem Rapporter Rapporter 2017 Økonomistyring – Tokke kommune

Økonomistyring – Tokke kommune

Forvaltningsrevisjonen er bestilt av kontrollutvalet i Tokke kommune i KU-sak 25/16.

Vi har undersøkt følgjande problemstillingar:

  • I kva grad har kommunen rutinar og tiltak som sikrar god økonomistyring?
  • I kva grad er kommunen sine budsjett realistiske og blir det rapportert slik reglane krev?

I hovudsak har kommunen rutinar og tiltak som sikrar god økonomistyring, men vi peiker på nokre område som vi meiner kan betrast.  Ansvar og mynde er skildra i økonomireglementet. Det er likevel leiarar som meiner det ikkje er tilstrekkeleg klargjort kva deira økonomiansvar inneber. Kommunen har eit økonomisystem som også er egna til økonomistyring. Det er ein føresetnad at dei som skal nytte systemet har tilstrekkeleg kompetanse.

Tokke kommune har reglar og rutinar for budsjettering og rapportering. Etter vår vurdering burde kommunen i større grad hatt skriftlege rutinar for det administrative arbeidet med budsjettet og for økonomirapporteringa til rådmannens leiarmøte. Kommunen bør etter vår vurdering styrke kompetansen til leiarar innan budsjettering og økonomistyring og bruk av Agresso økonomisystem. Rådmannen leverer eit budsjett som er basert på dei inntekter og utgifter ein kan forvente i budsjettåret. Budsjettet er etter vår vurdering realistisk i høve til dette.

Kommunen leverer økonomirapportar til kommunestyret to gonger i året og dette er i tråd med reglane. Etter vår vurdering går det lang tid frå tertialrapport ligg føre til politisk handsaming av rapporten. Dette svekker høvet til korrigering og styring for politikarane. Det er ein føresetnad for rett rapportering at administrasjonen til ei kvar tid har oversikt over økonomien, og at naudsynte administrative budsjettendringar er oppdaterte. Kommunen er ikkje alltid på høgd med slike budsjettendringar.

Vi tilrår at kommunen:

  • sørger for at alle leiarar er trygge på kva økonomiansvar inneber.
  • lagar skriftlege rutinar med felles malar for det administrative arbeidet med budsjettering og rapportering.
  • sørger for tilstrekkeleg kompetanse innan budsjettering og budsjettstyring og bruk av økonomisystemet Agresso.
  • søker å korte ned på tida mellom tertialrapport og politisk handsaming, eventuelt vurderer å endre til kvartalsvis rapportering.
  • sørger for at vesentlege administrative budsjettendringar skjer jamleg.

Kontrollutvalet i Tokke kommune skal handsame rapporten 3. oktober 2017.

Du kan lese rapporten her: TKR-rapport – Økonomistyring i Tokke kommune