Hjem Nyheter fra TKR Eierskapskontroll – Telemark fylkeskommune

Eierskapskontroll – Telemark fylkeskommune

Eigarskapkontrollen er bestilt av kontrollutvalet i Telemark fylkeskommune. Kontrollutvalet har bedt om svar på følgjande problemstillingar:

  • I kva grad har fylkeskommunen praktisert vedtekne hovudprinsipp for eigarskap?
  • Har fylkeskommunen samordna sine føringar for selskapa med andre eigarar?
  • I kva grad er lovkrav og retningsliner gjennomført når det gjeld val av styremedlemmer, styresamansetjing og styreevaluering?

På grunnlag av det vi har sett i kontrollen, tilrår vi at fylkeskommunen

  • vurderer om det er godt nok samsvar mellom ynskt praksis og formuleringar i eigarskapsmeldinga og delegasjonsreglementet
  • i større grad handsamar eigarsaker i fylkesting eller fylkesutval, slik det står i retningsliner i eigarskapsmeldinga og tilrådingar frå KS
  • sikrar at habilitetsreglane vert følgde i handsaminga av eigarsaker
  • vurderer om styresamansetjing i Konsesjonskraftstyret er føremålstenleg i lys av habilitetsverknadene og årsmøtet sin kontrollfunksjon
  • vurderer å bruke valkomité for kvart selskap, jf. tilråding frå KS
  • ser til at alle selskapa oppdaterer informasjon om styresamansetjinga i offentlege register
  • ser til at alle selskapa oppdaterer registreringar av styremedlemmer i styrevervregisteret
  • vurderer om det er behov for å klargjere fylkestinget sine forventningar til innhaldet i selskapet si rapportering om leiing og styring i årsmeldinga

Rapporten blir handsama av kontrollutvalet i fylkeskommunen 18. oktober 2018. Du kan lese rapporten her:

TKR-rapport 400007 Eigarskapskontroll Telemark fylkeskommune 1